Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 648

Å Betlehem, du vesle by, Vi ser deg kvila der.

av Philip Paul liss

Vers 1

1. Å Betlehem, du vesle by, Vi ser deg kvila der. Og over deg så stille dreg Dei stjerners store hær. Men i dei mørke gater Eit ævelys skin ned, Til deg no går dei tusen år Sin lengsel etter fred.

Vers 2

2. For denne natt ein frelsar stor Vart fødd, og englar kvad. Mens verda sov, dei song Guds lov, Og himmelen var glad. Å, morgonstjerner alle, Forkynn at han er fødd! Du stjerne-kor, pris kongen stor! Og fred på jorda mødd!

Vers 3

3. Kor stilt, kor stilt vår Herre gav Den julegåva god! Slik himmelen gjev jorda enn Si rike signings-Ilod. Vi mer- kar ei hans kome, Men til kvar open sjel Stig Jesus inn med nåden sin Og gjer ein syndar sæl.

Vers 4

4. Å kongebarn frå Betlehem, Inn i vårt hjarta drag! Vi audmjukt bed: Stig til oss ned, Vert fødd i oss i dag! Vi høyrer englesongen Det glade bod fortel. Å, kom til oss, å, ver hos oss, Guds Son Immanuel!

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken