Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 229

Å du fredlause, sorgtyngde sjel, å, vend om

av Ludwig Andreas Gotter, Bernhard Holm

Vers 1

Å du fredlause, sorgtyngde sjel, å, vend om! Du må slutta å strida mot Gud! La han eiga deg, han, som har kjøpt deg så dyrt, Han vil kle deg i kvitaste skrud.

Vers 2

Vil du gå på den veg som ber bort ifrå Gud? Vil du vandra i svartaste natt? Vil du leva i synd og fortapast til slutt Når Guds rike kan verta din skatt?

Vers 3

Skal han venta så lenge, din Frelsar på deg, Kan du såra din kjæraste venn? Han som gret då han sorgfull Jerusalem såg Skal han no måtte gråta igjen?

Vers 4

Gjer då saka di opp medan frelsa er fri Og det enno er nåde å få, Før enn livskvelden kjem og di dødsklokka slår, Og du fram for din dommar må gå!

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken