Å du store kjærleiks under
Vers 1
Å du store kjærleiks under: Gud ein syndar elska kan! Våre synder reiv isunder Bandet mellom Gud og mann, Me frå Gud fór alle vilt, Derfor gjekk det alle ilt. Då frå Gud, vårt liv, me rømde, Alle vart til døden dømde.
Vers 2
Men Guds faderkjærleik grunnar Ut for oss ein frelsesveg. For så dyrt hans hjarta stundar Til å få oss heim til seg. Derfor må Guds Son for oss Som ein syndar på sin kross Smaka dødens stride stunder, Å du store kjærleiks under!
Vers 3
Lov og takk, vår Gud, som ville - Oss til sæla, liv og von - Semja dei som syndi skilde, Gud og mann, uti din Son! Så han no vår broder er Og vår synd til soning ber, At me skal hans sæla smaka, Broderarv med honom taka.
Vers 4
Takk, Gud Son, som ville sona Det som dine brøder braut, Lær meg på din kjærleik vona, Som til døden aldri traut! Fylgja deg på livsens veg Og så sæl i tru på deg Sovna inn i siste blunder, Du, det store kjærleiks under!
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken