Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 822

Å, eg veit meg eit land Langt der oppe mot nord Med ei lysande strand Mellom

Vers 1

1. Å, eg veit meg eit land Langt der oppe mot nord Med ei lysande strand Mellom høgfjell og fjord Der eg gjerne er gjest, Der mitt hjarta er fest Med dei finaste, finaste band: :/: Å, eg minnest, å, eg minnest, å, eg minnest så vel dette land! :/:

Vers 2

2. Der eit fjell stig mot sky Med si krona av snø, Og i lauvklednad ny Det seg speglar i sjø. Og det smiler mot strand Med si bringa i brann I den solklåre kveld :/: Å, eg minnest, å, eg minnest, å, eg minnest så vel dette fjell! :/:

Vers 3

3. Ja, eg kjenner den stad Der eg stima som gut, Der eg kaua og kvad Så det svara frå nut, Der eg leika og log I den lauvkledde skog Mellom blomar og blad :/: Å, eg minnest, å, eg minnest, å. eg minnest så vel denne stad! :/:

Vers 4

4. Og når vinden var spak, Fér om fjorden eg rundt, Der eg rodde og rak Som ein fiskande g~unt.* Der eg leikande låg Og meg vogg a på våg I den nattsol der nord :/: Å, eg minnest, å, eg ininnest, å, eg minnest så vel denne fjord! :/:

Vers 5

5. Men det dårande hav Som no drøymer så stilt, Vert ei glupande grav Når det reiser seg vilt. Snart det lokkar og ler, Snart det over deg slær Og dreg båten i kav :/: Å, eg minnest, å, eg minnest, å, eg minnest så vel dette hav!:/:

Vers 6

6. I min heim var eg sæl Avdi Gud var attved, Og eg kjende så vel Kor det anda Guds fred Når til kyrkja me f6r, Når me heime hel dt kor,** Og med moder eg bad:/: Å, eg minnest. å. eg minnest, å, eg minnest så vel denne stad! :/:

Vers 7

7. Denne heim er meg kjæ r Som den beste på jord. Han mitt hjarta er nær, Denne fjetrande fjord, Og det målande fjell Og den strålande kveld, Hugen leikar på deim :/: Å, eg minnest, å, eg minnest, å, eg minnest så vel denne heim!:/:

Vers 8

8. Og eg lengtar så tidt Dette landet å sjå, Og det dreg meg så blidt Når eg langt er ifrå. Med den vaknande vår Vert min saknad så sår Så mest gråta eg kan :/: Å, eg minnest, å, eg minnest, å, eg minnest så vel dette land! :/:

Vers 9

giunt = ung gut halde kor = haide husandakt med song

Vers 10

Eliat ittiix 1896

Vers 11

NORDEN

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken