Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 481

Å, er det vel ikkje ein underleg strid Eg strider som kristen i stormen si tid?

Vers 1

Å, er det vel ikkje ein underleg strid Eg strider som kristen i stormen si tid? Då går det rett ofte så merkeleg til, Og henda det kan det eg slett ikkje vil.

Vers 2

Når kjenslene blide vert svarte som natt, Og opprådd eg veit korkje fram eller att, Det synest som vona og trua er slutt, Og eg er så redd at eg held ikkje ut.

Vers 3

Når vekkinga stilna, og folket det fór, Og få er her att som vil høyra Guds ord, Når sysken kan sovna, og verda ho ler, Kor kan eg åleine stå vakande her?

Vers 4

Når Jesus seg gjøymer, og bøna er stengd, Og harpa med klage på greina er hengd, Når livet er berre eit stormande hav, Og båten så liten - kor skal eg vel av? Då høyrer i stormen eg Frelsarens ord, Det var som han sov, men han er då ombord. Skal båten min søkkja, må han følgja med, Men aldri skal Jesus og eg søkkja ned.

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken