0 likesSB · 55
Å Herre Krist, deg til oss vend, Og Heilag-Anden din oss send,
Vers 1
Å Herre Krist, deg til oss vend, Og Heilag-Anden din oss send, Gjev liv og kraft i hjarta vårt, Og vis oss sanningsvegen klårt!
Vers 2
Til lov og pros lat opp vår munn! Så livsens ord i hjartegrunn! Auk du vår tru, styrk vår forstand, Så klårt ditt namn me kjenna kan.
Vers 3
Til me får syngja med din hær: "Du heilag, heilag, heilag er!" Og sæle ser di åsyn blid I himmel-ljos til evig tid.
Vers 4
Lovsyng Gud Fader og Guds Son Og Anden, all vår trøyst og von! Treeinig Gud, i æva all Deg lov og ære vera skal!
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken