Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 773

Å, kome ditt rike, ja Herre, vår Gud, Lat koma på jorda ditt rike

Vers 1

1. Å, kome ditt rike, ja Herre, vår Gud, Lat koma på jorda ditt rike! Send ut dine vitne i nord og i sud med frelsande bod utan like, Å kalla og innby all verda!

Vers 2

2. I Ordet du lova i villmark ein vår Då øydemark står lik ei lilje. Vi lengtar deretter kvart gryande år, Og er det din nådige vilje, Snart kome den tid, Herre Jesus!

Vers 3

3. Velsigna dei vitne som gjekk i ditt namn Og lytte opp Golgata-merket! Din truskap lat vere ei vernande hamn. Ja, gjer dei i farane sterke Og hugsvala du deira hjarte!

Vers 4

4. Ver sjølv deira styrke, med kraft du dei kled, Og lær dei med manndom å strida Og så ut i vona den himmelske sæd, Med tålmod på voksteren bia Av deg som åleine gir grøde.

Vers 5

5. Og om dei lyt dogga ditt ord med sitt blod, - Det vert ei useieleg æra, - Så veks då ditt rike, du Fredsfyrste god, Og så vil alt meir du oss læra At nederlag ofte vert siger.

Vers 6

6. Så kastar vi, Frelsar, all suta på deg, Du lova for allting å syrgja. Kvar dag gå du med oss på livet sin veg. Lat midt under striden oss byrja Deg takka og lova for siger!

Vers 7

Lina Sandeli 1870. Anders Hovden 1927

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken