0 likesSB · 599
Å, lat din Ande med oss vera, Du som dei små
Vers 1
1. Å, lat din Ande med oss vera, Du som dei små tok i din famn! No vil mc borna våre bera Til dåpen, Frelsar, i ditt namn.
Vers 2
2. Ja, med ditt namn vil me dei kalla* Og be at dei med deg må gå. Må du dei fast ved handa halda, Så fram til målet dei kan nå.
Vers 3
3. Styrk deira fot, om år vert mange, Til gråe hår og alderdom. Vert åra få, styr deira gange Mot Faders hus med mange rom.
Vers 4
4. Ditt namn i deira barm du skrive, Og namnet deira i di hand, Så dei døden og i livet Med deg i samfunn leva kan.
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken