Å solfylte dag, Når vi skal få fara i skya i lag, Og møta vår Frelsar i skinande
Vers 1
1. Å solfylte dag, Når vi skal få fara i skya i lag, Og møta vår Frelsar i skinande skrud Og samlast for trona hos Herren vår Gud! Då vert det vel gleda og jublande song Or djupaste trong.
Vers 2
2. Det frø som var sått I svartaste molda med klage og gråt, Skal vakna og veksa til blømande liv. Dei fagraste blomar og frukter det giv. Den utlevde lekam du gøymde i mold, Ber hundretal foll.
Vers 3
3. Vi lever og lid. Vi strider og strevar på jorda ei tid. I sorg og i gleda vi røktar vårt kall, Og før vi veit av det, er dagen vår all. Vi eldest og veiknar, også lyt vi døy Og visna som høy.
Vers 4
4. Men Gud vere lov, Snart vekkjer han dei som i gravene sov! Vi møter vår Frelsar i høgaste sky Og stemner med han mot den evige by. Då renn det ein morgon som aldri tek slutt. Den gravsvevn var stutt.
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken