Å, tenk på Gud i ungdoms år!
Vers 1
Å, tenk på Gud i ungdoms år! All vokster god må gro om vår Om han skal grøda gjeva. Så lat då Gud ditt hjarta få Frå ungdom og til alder grå! Då vert det lyst å leva!
Vers 2
Å, tenk på Gud i ungdoms år, Når voni lyser ven og klår Som vår i ljose lundar, Når hjarteliv som blomen sprett Og seg for ljoset opnar lett Og etter kjærleik stundar!
Vers 3
Ja, tenk på Gud i ungdoms år, Før deg dei vonde dagar når Som du nå ille lika! Det kjem ein kveld så kald og skum, Då vert det tungt å venda om Og frå det vonde vika.
Vers 4
Så tru på Gud når du er ung, Før du vert gamal, trøytt og tung Og sorger hjarta fyller! For trui adlar ungdoms år, Gjev krona gjæv til gråe hår Og dei med rettferd gyller.
Vers 5
Gud, lat då lbøma i kvar bygd Ein ungdom rik på tru og dygd, Og lær dei Kristi lydnad! Og lat så alle gamle få Den gode alders krona på, Den kristne rettferds prydnad!
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken