Å var det så vel At eg kunne trøysta ei einaste sjel Og turka ei tåre av folnande
Vers 1
1. Å var det så vel At eg kunne trøysta ei einaste sjel Og turka ei tåre av folnande kinn Og lækja eit sår og eit blødande sinn Og lauga i soli så varm og så rein :/: Ein emaste ein! I:
Vers 2
2. Å, var det så vel At eg kunne løysa ein emaste træl Og riva i sunder eit ~nagande band Og retta ein arming ei hjelpande hand. Å, kunne eg fria frå støyt og frå stein :/: Ein emaste ein! :/:
Vers 3
3. Å, var det så vel At eg kunne verja ei emaste sjel Av all denne ungdom som leikar og kved Og hugheilt i livet som tuglen seg gled. Å, kunne eg berga frå fall og frå mein :/: Ein emaste ein! :/:
Vers 4
4. Om alltid eg var Rett viljug å fylgja i Frelsarens far, Fekk Kristus meg leia frå morgon til kveld, Og brann i mitt hjarta hans heilage eld, Då fekk eg for visst føra mange i hamn :/: I Frelsarens namn! :/:
Vers 5
HEIM OG FAMILIE
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken