Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 696

Ber no bod til heidningland, Bod om ljos og lukka, Til dei arme som i band Og i

Vers 1

1. Ber no bod til heidningland, Bod om ljos og lukka, Til dei arme som i band Og i mørker sukka! Bod som sprengjer fangebur. Som kan løysa lekkja, Bryta gjennom mørkers mur Og dei døde vekkja!

Vers 2

2. Mørkret enn er stort på jord, Skodda ligg så diger. Herre Gud. send ut ditt Ord Og gjev Ijoset siger! Så ditt dyre sædekorn På dei vide vangar! Skap eit folk av Ijosens bom Utav dødens fangar!

Vers 3

3. Vig du deg ein vitnehær! Salva med din Ande Sende- menn. som Ordet ber Rundt i heidninglande! Er enn vegen mørk og trong. Du kan mørkret klåra, Gjeva haust med gledesong. Der me sår med tåra!

Vers 4

4. Herre. hausten alt er stor: Sjå kor marker kvitnar! Trugne røyster rundt på jord Om di frelsa vitnar. Gode hyrding. til di hegn Heidningfolk seg hopar. Turre land om dogg og regn Opp til himlen ropar.

Vers 5

5. Jesus, gjev oss nåde til Ut ditt bod å bera! Signa dei du senda vil, Trutt ditt verk å gjera! Fylg du med di sendeferd, Styrk dei der dei strida, Alltid trugne i di gjerd Med ditt sverd ved sida!

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken