Dei unge i Noreg må vinnast for Gud, Den ~oppgåva herleg oss helsar, Så fagre og
Vers 1
1. Dei unge i Noreg må vinnast for Gud, Den ~oppgåva herleg oss helsar, Så fagre og frelste i heilage skrud Vi heilhjarta står for vår Frelsar! Vi livet set inn Til dess at vi vinn Dei unge i Noreg for Jesus.
Vers 2
2. Det største av alt som er fagert her nord, Er det som Guds rike bar vunne. Der Guds ord er sædet som spirer og gror, Har livet og framtida runne. Den fagraste krans Som alltid har glans. Er Jesus sin ungdom i Noreg.
Vers 3
3. Den kransen vi lyfter til mor og til far Som levde sitt liv til Guds æra. Vi vart deira bøner eit levande svar, Og heidra foreldra skal vera. Vår landslukka gror Kring far og kring mor, Med Jesus sin ungdom i Noreg.
Vers 4
4. Så byggjer vi heimar og livsyrke på Den fjellfaste, bergsikre grunnen. I uvér som godvér skal bygnaden stå På grunnvoll som sviklaus er funnen. Så byggjest vårt land Med livslukka sann Av Jesus sin ungdom i Noreg.
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken