Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 775

Den fyrste song eg høyra fekk, Var mor sin song ved vogga

av Per Sivle

Vers 1

1. Den fyrste song eg høyra fekk, Var mor sin song ved vogga. Dei mjuke ord til hjarta gjekk, Dei kunne gråten stogga.

Vers 2

2. Dei sulla meg så underleg, Så stilt og mjukt te sova, Dei synte meg ein fager veg Opp frå vår vesle stova.

Vers 3

3. Den vegen ser eg enno tidt Når eg fær auga kvila, Der stend ein engel, smiler blidt Som berre ei kan smila.

Vers 4

4. Og når eg sliten trøytnar av I strid mot alt som veilar, Eg høyrer stilt frå mor si grav Den song som allting heilar.

Vers 5

A Per Sivle 1877

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken