Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 141

Den port er trong, og smal den veg Som til Guds rike ber.

Vers 1

Den port er trong, og smal den veg Som til Guds rike ber. Men ennå er det rom for deg, For deg, kven så du er, For deg, kven så du er.

Vers 2

Sjå, himlen er ei enno full, Enn er det rom for deg. I Jesu namn, for Jesu skuld Skal porten opna seg. Skal porten opna seg.

Vers 3

Om tusen gonger tusen står I kvite klede der, Av Herrens nåde du òg får Skal porten opna seg. Skal porten opna seg.

Vers 4

I Jesu hjarta er det rom, Og i hans paradis. Det lærer evangelium. Gud vere lov og pris! Gud vere lov og pris!

Vers 5

Ja, Gud skje lov at også eg I denne by får bu! I æva gå på livsens veg. Å, sæle von og tru! Å, sæle von og tru!

Vers 6

Der råder fred og harmoni. Og sæl er ein og kvar Som der får bu til evig tid, Som der sin heimstad har! Som der sin heimstad har!

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken