Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 855

Den store, kvite flokk me sjå Som tusen berg med nysnø på, Med skog ikring Av

Vers 1

1. Den store, kvite flokk me sjå Som tusen berg med nysnø på, Med skog ikring Av palmesving For Gud, kvar er dei frå? Det er den kjempeskare som Ut frå den store trengsla kom, For dei ved blod Av Lammet stod Reintvegne for Guds dom. Der held dei no ein kyr - kjegang Med jubelsong all dagen lang, Med sæle ord I englekor, Med heilag harpeklang.

Vers 2

2. Vanvyrde gjekk dei her på jord, Men sjå dei no i vyrdnad stor For trona stå Med kroner på I høge himmel - kor. Her tidt, når trengsla sårast brann, På deira kinner tårer rann, Men Gud har deim Straks dei kom heim, Av turka med si hand. No held dei utan brot og brest Hjå Gud ein evig lauvsalfest,5 Og Lammet då Ved livsens å Er både vert og gjest.

Vers 3

3. Til lukke, kjempesamling, då! Ja, tusenfald du lukke få, For du var her Så (ru især Og slapp så vel heifrå! Du vyrde ikkje verdsens trøyst, Så kvil i Gud, frå striden løyst! Det du har sått Med sukk og gråt, Gjev haust med glederøyst, Kved opp i høgd, slå palmetakt Og syng med him- melkraft og makt: Lov vere deg, Lov æveleg - Vår Gud og Lammet sagt!

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken