Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 600

Den største høgtid her på jord Er den eg held

Vers 1

1. Den største høgtid her på jord Er den eg held ved Herrens bord, Der Jesus bed meg vera gjest, For der eg er hans hjarta nest.

Vers 2

2. Når eg med Jesus nattverd held, Eg minnast må den store kveld Då han med sine vener sat Og vigde inn den himmelmat.

Vers 3

3. Den kveld han brødet til dei braut, Dei Herrens eigen lekam naut. Då vinen han i kalken slo, Gav han dei sjølv sitt dyre blod.

Vers 4

4. Det var den kveld han siste gong Den store lovsong med dei song - Den siste gong til over sky Han halda skal sin nattverd ny.

Vers 5

5. Den kveld hans kjærleik mot oss brann Så varmt som ingen elska kan, Og oss til minnegåve god Han gav sin lekam og sitt blod.

Vers 6

6. Så kom då, Kristi kyrkjelyd, Og tak den gåva han deg byd! Kom her og tak av Jesu hand Det livsens brød i dødens land.

Vers 7

7. For her ved Herrens nådebord, Her eig me himmerik på jord, Her Jesus ved Guds høgre hand Med oss går inn i broderband.

Vers 8

8. Guds himmel han til jordi dreg Og gjer frå jordi himmelveg. Hans kjærleik møtest med di tru, Han er i deg, i honom du.

Vers 9

9. Så kjem eg til ditt altar her, Endå eg sjølv uverdig er. Å Jesus, gjer meg verdig du, Så hit eg kjem med hjartans tru!

Vers 10

10. Her kjem eg som ein syndar arm, Med syndesorg i såra barm, Med trong og tru i hjarterot Hjå deg eg søkjer sælebot.

Vers 11

11. Så signe du min altargang! Lat meg få kvila i ditt fang, Til eg får fylgja deg frå jord Til nattverd ny i him- melkor.

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken