0 likesSB · 145
Det er nok, det som Jesus gjorde, Det er nok det som han har sagt.
Vers 1
Det er nok, det som Jesus gjorde, Det er nok det som han har sagt. :/: Hna har sona di synd den store, Og deg vunni så rein ei drakt.:/:
Vers 2
Det er nok, det som Jesus gjorde, Om av syndarar størst du er. :/: Du er beden til bryllupsbordet, Også deg har din frelsar kjær.:/:
Vers 3
Nei, du treng ikkje lenger tvila, For hans nåde er nok åt deg. :/: På eit fullført verk får du kvila, Og så ferdast med fryd din veg.:/:
Vers 4
Det er nok det som Jesus gjorde, Det i døden og dommen gjeld. :/: Me vil byggja på nådeordet, Det er berggrunn som evig held.:/:
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken