Det folk som frægt vil vera Og vinna lukka
Vers 1
1. Det folk som frægt vil vera Og vinna lukka lang, Det høgt Guds ord må bera Som Ijoset på sin gang
Vers 2
2. Så høyr Guds ord med age, Å land, høyr Herrens Ord! Sa fagert som ein hage Du lysa kan i nord.
Vers 3
3. Ja, lat Guds ord få bera Si grøde i kvar grend, Så du eit land må vera Som høgt i dygder stend,
Vers 4
4. Eit land som Gud velsignar. Der Andens grøde gror, Ein hage der det dignar** Kvar grein med frukt til jord,
Vers 5
5. Der folk med kristne dygder, Med god og gudleg sed Bur sælt i sine bygder I lukke, Ijos og fred!
Vers 6
6. Som sol på grøne vangar Så lyser der Guds Ord: Det gyller tind og tangar Og glitrar over fjord.
Vers 7
7. Gud, lat ditt Ord då fylla Kvar heim frå fjell til strand Og med sitt Ijos få gylla Vårt fagre fedreland!
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken