0 likesSB · 244
Det ligg eit berg ved byens mur Ein stad i framandt land.
Vers 1
Det ligg eit berg ved byens mur Ein stad i framandt land. Der var det Jesus såg den kross Dei reiste opp for han.
Vers 2
Det Jesus måtte lide der, Kan ingen heilt forstå. Men at han leid for alles synd, Det får eg lite på.
Vers 3
Han døydde så eg skulle bli Guds eigen, glad og god, Og vinne himmelen til sist På grunn av Jesu blod.
Vers 4
Ja, some alle våre brot, Det kunne berre han. Og einast han kan låse opp Ein port til livsens land.
Vers 5
Kor mykje Jesus elskar oss, Kan ingen heilt forstå. Men eg vil alltid ha han kjær, Han vil eg lite på.
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken