Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 623

Det lyser i stille grender Av tindrande ljos i

Vers 1

1. Det lyser i stille grender Av tindrande ljos i kveld, Og tusene barnehender Mot himmelen ljosa held.

Vers 2

2. Og glade med song del helsar Sin broder i himmelhall, Som kom og vart heimsens Frelsar Som barn i ein vesal stall.

Vers 3

3. Der låg han med høy til pute Og gret på si ringe seng, Men englane song der ute På Betlehems aude eng.

Vers 4

4. Der song dei for fyrste gongen Ved natt over Davids by Den evige himmelsongen, Som alltid er ung og ny.

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken