Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 65

Det strøymer ei livselv av lukka, Av gleda fordi eg er til.

av Carl Boberg

Vers 1

Det strøymer ei livselv av lukka, Av gleda fordi eg er til. Guds bilete fekk eg til gåva Og aldri han gløyma meg vil. Eg lever og alltid får leva Ved han som leid døden for meg; Men sprengde dei gravlekkjor svære Og opna til livslandet veg.

Vers 2

Ja, Kristus er kjelda den klåre, Eit havdjup av fryd og av fred. Vel blenkjer det stundom ei tåre; Men livsvoni atter meg gled. Snart gryr det ein æveleg morgon, Og då skal eg verta han lik. Det strøymer ei livselv av lukka. Min Gud, eg er endelaust rik!

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken