Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 247

Di rettferd er min bunad, Mitt ljose sjelelin,

av Lars Bendik Henriksen

Vers 1

Di rettferd er min bunad, Mitt ljose sjelelin, Min hovudkrans, mi kruna, min skatt, Mitt perleskrin. Du gav meg alt av nåde Til vern mot dommens våde, Du dyre Frelsar min.

Vers 2

Eg går i arbeidsklede Og høyrer til dei små, Men tenkjer tidt med glede: Der vert ombyte på; Når snart mi livssol glader, Eg for min Gud og Fader Skal som ein engel stå.

Vers 3

Å, du som hardt deg mødde I våre tronge kår Og stridde, leid og blødde Og sona syndi vår, Du til Guds barn meg kalla, Hjelp at eg ei må falla Ifrå mitt barnekår!

Vers 4

Din augnestein eg vere, Til eg er slokna sæl! Din ljose engel bere Til paradis mi sjel! Då kverv dei siste skuggar, Du inn til ro meg ruggar, Ja, då er allting vel.

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken