0 likesSB · 66
Ditt fotefar me ser i fjell og dalar Og ute i det djupe himmelrom.
Vers 1
Ditt fotefar me ser i fjell og dalar Og ute i det djupe himmelrom. Og havsens velde om din stordom talar. Alt vitnar om din høge herlegdom.
Vers 2
Kvar blom, kvart blad, av allmaktshanda sterke Vart kledde i så underfult eit skrud. Og ånd og lekam ber ditt adelsmerke. Det største under er du sjølv, å Gud.
Vers 3
Mot deg me retter våre tome hender Og ber vår bøn i Herren Jesu namn. Du gjev ein evig arv,vår livsbåt vender Imot den logne, ljuve himmelhamn.
Vers 4
I Jesus Krist du er ein kjærleg Fader. I han din herlegdom me klårt kan sjå. Når dagen endar og vår livssol glader, Me heim til deg, til paradis, får gå.
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken