Åpning0 likes
Djupe, stille, sterke, milde Guddomsord frå himmelhamn
av Theodor W. Oldenburg (1840), Anders Hovden (1918)
Vers 1
Djupe, stille, sterke, milde Guddomsord frå himmelhamn, Kjem med kallet, ropar alle Til den gode hyrdings famn, Vitnar om kva me har vunne: Liv i Jesus har me funne.
Vers 2
Frelsar kjære, takk deg vere For din nåde mot vår jord! Tidi skrider, livet lider, Evig står då fast ditt ord, Evig varer og di nåde Er vårt vern mot all vår våde.
Vers 3
Drag då alle som har falle, Drag dei redde til deg inn! Døden vike for ditt rike Rundt på jord ved Anden din! Før oss fram på livsens leier, Før oss inn til livsens heider!
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Bibelvers
John 10:11
Jesus is the good shepherd.