Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 848

Døden gjennom verdi gjeng Og vil rydja liv or lande, Mannsens barn som blom i eng

Vers 1

1. Døden gjennom verdi gjeng Og vil rydja liv or lande, Mannsens barn som blom i eng Bleiknar for hans kalde ande. Under denne mørke makt Er alt liv på jordi lagt.

Vers 2

2. Ja, vårt liv er veikt som høy, Og som graset all vår søma. Graset visnar, blomar døy Og for alle vindar røma, Mannen døyr, men neste vår Blomen gull på gravi Strår.

Vers 3

3. Jesus gjennom verdi gjeng, Han kan døden slå med velde! Livet han til løysepeng Gav for oss som bort var selde. Difor livet på hans ord Fagert fram or gravi gror.

Vers 4

4. Jesus, når min time slær Og eg hardt i striden stender, Statt meg då i nåde nær Lyft til verja dine hender! Seg eit ord og døden driv! Lei meg inn til evig liv!

Vers 5

5. Fylg meg, Frelsar, i den stund Når eg vandrar her or stova! Fylg meg til den stille lund Der eg til din dag skal sova! På mi grav det merke skriv: «Eg oppstoda er og liv».

Vers 6

6. Så eg skal i heilag ro Kvila til den store dagen, Då di grøda opp skal gro Herleg i den vigde hagen, Brydda * sa med dine bom Som eit livsens sædekoru.

Vers 7

brydda = spire fram

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken