Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 707

Du gav meg, Gud, eit liv i denne verd, lier har lagt eit verk i mine hender

Vers 1

1. Du gav meg, Gud, eit liv i denne verd, lier har lagt eit verk i mine hender. Å Herre, lat meg i mi kvardagsgjerd Få sjå eit kall som du i nåde sender! Så eg kan gå med frimod til min dag Og tene i din skapnings arbeidslag.

Vers 2

2. Eg står så ofte rådlaus, Gud, og spør Om meining i den gjerning eg lyt gjere. Og stundom kan ho kjennast som ei bør Eg vantar mot og styrke til å bere, Men seier du mitt arbeid har eit mål, Då er eg nøgd og gjer det glad med tål.

Vers 3

3. Du skapte oss, du veit den samanheng Som du har sett imellom stort og lite. Legg i min hug den kjærleik som eg treng, Og hjelp meg så eg viljen din kan vite! Gud, lat meg høyre at du kallar meg Ein trugen tenar som har æra deg!

Vers 4

4. Om ikkje alle får ein arbeidsdag Med gjerningar for tanke og for hender, Så har du se tt oss i di verd i lag, Eitt samfunn med eit mål din kjærleik kjenner, Den kjærleik som står fast til evig tid, Du Gud, som var og er, og som skal bli.

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken