Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 149

Du kjem ikkje utanom Jesus

Vers 1

Du kjem ikkje utanom Jesus. Om du inn til livet vil gå. Får han ikkje synet deg gjeva, Guds rike du ikkje kan sjå. Får han ikkje synet deg gjeva, Guds rike du ikkje kan sjå.

Vers 2

Du kjem ikkje utanom Jesus. Han livet og sanninga er, Eit fyrlys på nattsvarte fjorden, Den veg som til paradis ber. Eit fyrlys på nattsvarte fjorden, Den veg som til paradis ber.

Vers 3

Du kjem ikkje utanom Jesus. Han heilar dei sværaste sår. Der vinter og vonløysa råder, Han kjem med den gildaste vår. Der vinter og vonløysa råder, Han kjem med den gildaste vår.

Vers 4

Du kjem ikkje utanom Jesus, Det einaste haldet som held, I livet, i døden, i domen Det einaste namnet som gjeld. I livet, i døden, i domen Det einaste namnet som gjeld.

Vers 5

So gjev då ditt hjarta til Jesus, Sitt liv han for deg gav eingong. Om vegen er smal, han deg fører Til æveleg sæla og song. Om vegen er smal, han deg fører Til æveleg sæla og song.

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken