Du sjel, som har kjent og motteke Guds kall
Vers 1
Du sjel, som har kjent og motteke Guds kall Og Frelsaren lydig har vore, Å, lat ikkje verda deg føra til fall, Og alt hennar glim deg ei dåre! Ho lokka så mange, frå Jesus dei tok, Han sårt dei laut sletta av himmelens bok, Ei lenger som sine dei kjenna.
Vers 2
Nei, lat ikkje verdsens forfeng'lege glans Din hug og ditt hjarta få dåre, Og riva di sjel ut or kjærleiken hans Som gav deg den kledningen klåre, Som for oss er ferdig å eige og få, Når skinande vi for hans trona skal stå Med sigerens palmar i hender!
Vers 3
Snart kjem eg i skya til domen med hast, Og alle må fram for mi trona! Då gjeld det di evige velferd, -hald fast, Så ingen får rana di krona! Då lindrar eg kjærleg di sorg og di sut, Ein krans, ein uvisneleg, vert då din lut, Som eg med mitt hjarteblod kjøpte.
Vers 4
Så talar min Jesus, hans lovnad står fast, Vår Frelsar oss aldri kan svika. Om jorda ho rivna og himmelen brast, Vår Frelsar frå oss ei skal vika. Så lat oss da alltid i lukka og nød, I sorg og i gleda, i liv og i død I samfunn med Frelsaren finnast!
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken