Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 424

Eg aldri gløymer Sion, så seier Herren Gud,

Vers 1

Eg aldri gløymer Sion, så seier Herren Gud, Mi høgre hand då visst eg måtte gløyma! Nei, aldri skal eg gløyma at Sion er mi brud, Som hjartebarnet vil eg henne gjøyma! Eg elles måtte gløyma dei djupe sår eg fekk, Då eg i angst og kvide for deg i døden gjekk. Nei Sion er mi aller størte glede!

Vers 2

Ja, fjella kan nok falla, men ikkje nåden min, Den fredspakt eg med blod har underskrive! Så dyrte eg har deg vunne, sjå, du er venen min, Og avskil har eg aldri, aldri give! Så høyr eit ord mitt dyre: Eg harmast ei på deg, Eg alltid har deg elska, du miskunn finn hos meg, For aldri held eg opp å vera nådig!

Vers 3

Men Sion seier: Herre, du har forlate meg, Og bort frå meg i vreide du deg vender. Å, slettes ikkje, Sion, kor kan eg gløyma deg Når namnet ditt eg skreiv i mine hender! Om enn ei kvinne gløymer det barnet som ho bar, Eg kan deg ikkje gløyma, du i mitt hjarta var Då eg på korset lei for deg og blødde!

Vers 4

Eg let deg aldri fara, du er mi kære brud, Så fast til hjarta mitt eg har deg bunde! Du får den beste klednan, det fagre bryllaups-skrud Som eg med atterløysing har deg vunne. Og den som då deg klagar, tek på min augnestein, I skrudet er du fager, no lytelaus og rein, No ingen skuld og skam på deg kan føra!

Vers 5

Og no spr Herren: Sion, når var det vel eg skreiv Deg avskilsbrev og ut or nåden dreiv deg? Ditt syndebrev på korset eg sund for evig reiv, Og anna skuldbrev aldri, aldri skreiv eg! Ver glad, di synd er sona, mi rettferd er ditt skrud, Forutan flekk og lyte du standa skal for Gud, Hos han kan ingen kravsmann lenger klaga!

Vers 6

Jerusalem skal trøystast, mitt eige folk på jord, No skulda kvitta er, og striden vender! Ja, tala mildt til Sion og sei dei gode ord At herlegdom ho får av Jesu hender: I livsens land det lyse, ho skal sin Frelsar sjå, Men ærekrans og krona som brud med Lammet stå, Då striden enda er og siger vunnen.

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken