Eg er så glad kvar jolekveld, For då vart Jesus
av Tor Ilsvik
Vers 1
1. Eg er så glad kvar jolekveld, For då vart Jesus lyste stjerna som ei sol, Og englar song så søtt.
Vers 2
2. Det vesle barn i Betlehem, Han var ein konge stor, Som kom frå høge himmelborg Ned til vår arme jord.
Vers 3
3. No bur han i sin himmelheim, Han er Guds eigen Son. Men alltid minnest han dei små Som bed med tru og von.
Vers 4
4. Eg er så glad kvar jolekveld, Då syng me Jesu pris, Då lét han opp for alle små Sitt vene paradis.
Vers 5
5. Og mor, ho kveikjer alle ljos, Dei skin i kvar ei krå, For heile verda, seier ho, Skal jolestjerna sjå.
Vers 6
6. Ho seier stjerna skin enno Og aldri slokna kan, Og skin den stjerna på min veg, Då finn eg himlens land.
Vers 7
7. Ho seier englar enno syng Om fred og fryd på jord, At himlen like open er, Guds kjærleik like stor.
Vers 8
8. Å, gjev eg kunne syngja så, Då vart vel Jesus glad, For eg vart og Guds kjære barn Emgong i dåpens bad!
Vers 9
9. Eg er så glad kvar jolekveld, Så glad i Jesus Krist, Og at han også elskar meg, Det veit eg sant og visst.
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken