Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 68

Eg kan ikkje telja dei alle, Dei prov på Guds kjærleik eg får.

av Carl Boberg, Kari Sandvik, Kari Sandvik

Vers 1

Eg kan ikkje telja dei alle, Dei prov på Guds kjærleik eg får. Lik morgondogg rikt har dei falle, Og glimar som doggperla klår. Eg kan ikkje telja dei alle, Dei prov på Guds kjærleik eg får.

Vers 2

Som stjerner i haustkveldar svarte Dei har korkje namn eller tal, Men tindrar som desse så bjarte Heilt ned til den djupaste dal. Som stjerner i haustkveldar svarte Dei har korkje namn eller tal.

Vers 3

Dei skurar av nåde som strøymde, Ber bod om Guds allkjærleiks hav. Frå Frelsarens hjarta dei fløymde, Dei under av nåde han gav. Dei skurar av nåde som strøymde, Ber bod om Guds allkjærleiks hav.

Vers 4

Eg kan ikkje telja dei alle, Men å, lat meg takka dess meir For kjærleikens dogg som har falle I hjarta, eit kjerald av leir. Eg kan ikkje telja dei alle, Men å, lat meg takka dess meir!

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken