Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 307

Eg lyfter augo mine Opp til dei høge fjell:

av Carl Boberg

Vers 1

Eg lyfter augo mine Opp til dei høge fjell: Frå kven skal hjelpa koma, Den hand som fast meg held? Mi hjelp ho kjem frå Herren, Som skapte denne jord Med hav og høge tindar Og stjernerømda stor.

Vers 2

Han styrkjer stega mine, Og fast på fot eg gjeng. På ørneveng han ber meg, Og gjev meg alt eg treng. Sitt folk så vel han vaktar. Han ikkje blunda kan. Han fylgjer meg som skuggen Tett ved mi høgre hand.

Vers 3

Meg skal 'kje sola brenna I middas-heten hard. Om natta vert eg verna Som barnet vert av far. Min utgang og min inngang Han vara vil så vel Frå no og i all æva, Og difor er eg sæl.

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken