Eg ser deg, Gud, i kvar ein blom som tirer
Vers 1
Eg ser deg, Gud, i kvar ein blom som tirer I fagre fargar mellom stein og strå, Som alle opp mot sol og himmel stirer Med bjarte smil som barneaugo små.
Vers 2
Eg ser deg, Gud, i kvar den bekk som skummar I kvite fossar mellom knaus og koll Og kler i brudeskaut den unge sumar Og syng sitt liv utover vang og voll.
Vers 3
Eg ser deg, Gud, i kvar den tind som syner Eit bilet av din stordom og din glans, Når soli honom med sin gullkrans kryner Og snøen bind av sylv sin gritrekrans.
Vers 4
Eg ser deg, Gud, i alt det liv som yrer Kring jordi all og høgt i stjernesveim. Eg ser kor skipar alt og styrer Som kjærleg fader i ein barneheim.
Vers 5
Eg ser deg, Gud, og i mitt auga skjelver Ei gledetåre, for du har oss kjær, Og over oss så fager himmel kvelver Og gav til heim oss slik ei fager verd.
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken