0 likesSB · 250
Eg stend og ser på ei nagla hand, ho spikra til krossen vart,
Vers 1
Eg stend og ser på ei nagla hand, ho spikra til krossen vart, Og lell ho løyste mitt træleband I dødsstunda skum og svart.
Vers 2
Eg stend og ser på ei nagla hand Der blodsdråpar tunge fell. Ho opna veg til eit fridomsland Der straumar av vårliv vell.
Vers 3
Eg stend og ser på ei nagla hand, Min Frelsar, det var for meg! Og difor ikkje eg anna kan Enn tilbe og elska deg.
Vers 4
Og når eg eingong i livets land Får skoda deg som du er, Då ser eg Jesus, di frelsarhand, Ho merke av naglar ber.
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken