Eg undrast mang ein gong, kvifor tek du ei imot
Vers 1
Eg undrast mang ein gong, kvifor tek du ei imot kallet i frå Jesus og fell ned for hans fot. Han vil deg gjeva hjartefred og trøyst. Han kallar, ja, han kallar, høyr hans røyst.
Vers 2
Så mang ein gong han banka på hjartedøra di, Å. tenk om det er siste gongen han vil dra forbi! - Han vil deg stogge på di ville ferd, Og legge kursen mot ei betre verd.
Vers 3
Saka di er oppgjort og skulda er betalt, Den gongen Jesus døydde, då gjorde han opp alt. Dette kan bli ditt om du vil svare ja, Å, ta imot, eg veit du vil bli glad!
Vers 4
Så skal me vandre saman med Jesus til vår heim, Å, kor det er gaman å vera mellom deim! Og så til slutt, ved målet, når reisa er forbi, Med Jesus lever me til evig tid!
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken