Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 575

Eg veit ein hage full av fred, Til porten titt eg

Vers 1

1. Eg veit ein hage full av fred, Til porten titt eg vankar, Han lokkar, helst når sol går ned, I leng- ting hjarta bankar. Min beste ven der inne går, Men eg ved porten enno står.

Vers 2

2. Eg veit ei kjelde frisk og klår, Kvar kvelden kan eg høyra Ho surlar djupt - når stilla rår - Så herleg for mitt øyra. Og eg som kunne vatnet nå, Kvi tyrstar eg ved kjelda då?

Vers 3

3. Eg veit ein gamal veg å gå Når morgon atter randar. Den vegen ber mot høgder blå, Der lett og fritt eg andar. Frå kraft til kraft den vegen ber, Men sjeldan, sjeldan går eg der.

Vers 4

4. Kvar morgon, dyre Frelsar min, Og når eg ser det kvelda, Å, lei meg i din hage inn Og tørsten sløkk i kjelda! Du veit om alt som i meg er, Du veit åg at eg har deg kjær.

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken