Eg ville gjerne eiga ei tru så sterk og stor
Vers 1
Eg ville gjerne eiga ei tru så sterk og stor, Ei tru som kunne synast i gjerning og i ord. Men når mi tru sig saman og alt mitt eige verk, Då har eg berre Jesus, og då er trua sterk.
Vers 2
Eg ville gjerne kjenna ein fred så djup og still. Eg ville gjerne kvila frå strid i stormen vill. Men når dei varme kjensler blir døyvd av storm og kav, Då har eg endå Jesus, og freden han meg gav.
Vers 3
Eg ville gjerne eiga ein kjærleik stor og varm Som kunne varma andre som frys i hat og harm. Men når min kjærleik kolnar i verdsens kalde vind, Då har eg endå Jesus, hans kjærleik den er min.
Vers 4
Eg ville gjerne leva eit liv som liknar hans, Eg ville gjerne lysa med litt av same glans. Men om det lite lukkast, så har eg endå von: Mitt liv det er i Kristus, den levande Guds Son.
Vers 5
Ja, Jesus, lat meg alltid få ha mitt liv i deg! Ditt liv, din tru, din kjærleik, du gav det alt for meg. Her i mitt eige hjarta er berre synd og mein, men ved det verk du gjorde, er eg fullkommen rein.
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken