Ein båt i stormen duva, Men Jesus var om bord
Vers 1
1. Ein båt i stormen duva, Men Jesus var om bord. Hans læresveinar gruva Då båra braut på fjord. Men sjå, då Jesus vakna Og truga storm og hav, Då vind og våger spakna, Og véret stilna av.
Vers 2
2. Vår Gud kan under verka, Veit råd i rette tid. Det skal kvar kristen merka I livsens storm og strid. Så tarv me aldri klaga Når han er med om bord. Han vind og våg kan aga Og stilla med eit ord.
Vers 3
3. Når Jesus vil oss fylgja, Då fer me fram så trygt Vår lei på livsens bylgja, Om ég det stormar stygt. Igjennom brim* og båra Hans røyst me høyra kan, Som véret opp kan klåra og lysa oss i land.
Vers 4
4. Og når frå denne verdi Me venda skal vår stamn, Fylg, Jesus, med på ferdi, Og før oss vel i hamn! Du vegen veit og måten, Du kjenner mål og méd. Når du er med i båten, Då fer me heim i fred!
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken