Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 309

Ein bustad du har vore, Gud, For oss frå ætt til ætt.

av Philip Paul liss

Vers 1

Ein bustad du har vore, Gud, For oss frå ætt til ætt. Før fjell vart fødde, åtte du Ein evig guddomsrett.

Vers 2

Ditt ord gjer mennesket til støv, For deg er tusen år Som nattevakta når ho lid, Som dag som kvarv i går.

Vers 3

Som draumen vert dei rivne vekk, Lik gras som visnar fort: Ved morgonbelet er det grønt, Om kvelden turka bort.

Vers 4

Å Gud, kven kjenner vreiden din og styrken i din harm? Kven har vel age for ditt namn Og otte for din arm?

Vers 5

Så lær oss, Gud, å telje rett Kvar dag og stund som lid; Då visdom fyller hjarrta vårt Vår stutte levetid!

Vers 6

Ja, mett oss med di miskunn, Gud, Når dagen atter renn, Så vi kan jubla all vår dag Og gleda oss igjen!

Vers 7

lat alle dei som tener deg, Få sjå di gjerning sterk! Guds ynde vere over oss Og fremje våre verk.

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken