Ein fin liten blome i skogen eg ser, I granskogen diger og dryg,
av Olai Aalen
Vers 1
Ein fin liten blome i skogen eg ser, I granskogen diger og dryg, Og vent mellom mose og lyng han seg ter, Han står der så liten og blyg.
Vers 2
Sei, ottast du ikkje i skogen stå gøymd Der skuggane tyngja deg må? - Å nei, for av Herren eg aldri vert gløymd, Til ringaste blom vil han sjå.
Vers 3
Men yskjer du ikkje i prydhaugen stå, Der folk kunne skoda på deg? - Å nei, eg trivst best mellom ringe og små, Eg føddest til skogblome, eg.
Vers 4
Ein dag vin den stormande vinter deg nå, Då vert det vel dødsdagen din. - Då kviler eg lunt og har snøkåpa på, Til vårsola kysser mitt kinn.
Vers 5
Eit bod frå min Herre du blomemeg ber: Om einsleg eg vert på min veg, Så veit eg at Herren vil vera meg nær, Gud Fader, han vernar òg meg.
Vers 6
On enn eg er liten, han Herren meg kjær, Med honom eg kjenner meg sæl. Kvar morgon meg bøna til himmelen ber, Med bøna eg sovnar kvar kveld.
Vers 7
Ein kledning eg fekk av min Frelsermann kjær, I blodet hans reinsa den er. Den høver for himlen, der gullgater er, Den høver for vandringa her.
Vers 8
Som blomen om vinteren visnar eg av, Men gled meg for då står eg brud. Lat lekamen kvila meg fred i si grav, Mi sjel, ho er heime hos Gud!
Vers 9
Ja, glad skal eg vakna hos Jesus eingong I morgonen æveleg klår, Og blanda med heilage englar min song I himlen, dit døden ei når!
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken