0 likesSB · 493
Eit ord er ein pil Som flyger av stad utan stans eller kvil,
Vers 1
Eit ord er ein pil Som flyger av stad utan stans eller kvil, Du kan ikkje veta kor vide det fer. Det sårar din uven og den du har kjær, Eit ord er ein gneiste som kveikjer ein brann Du sløkkja ei kan
Vers 2
Ein uvøren munn Sår ugraset tjukt i den gronæme grunn. Den syndige banning, det ureine snakk Som giftige kvefsar omkring seg dei stakk. Dei sette sin brott i det reinaste blod Så giftmerki stod.
Vers 3
I ver og i vind Fer tankelaust ord ifrå tankelaust sinn. Men Herren i boki har skrive og gøymt Dei ord som eg minnest og dei eg har gløymt. Gud tukte mi tunge før det vert for seint, Så ordet vert reint
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken