Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 864

For alle kristne som no kvila fær, Som kjendest ved ditt namn i denne verd, Me

av WilIiam Walsham How, Trygve Bjerkrheim

Vers 1

1. For alle kristne som no kvila fær, Som kjendest ved ditt namn i denne verd, Me evig lovsong, Frelsar, til deg ber. :/: Halleluja! I:

Vers 2

2. Du deira fjell og sterke festning var, Til siger førde dei i striden hard. Var natta mørk, du dagen til dei bar. :/: Halleluja! :/:

Vers 3

3. Må dine hærmenn trufast strida no Som dine trugne før i striden stod, Med dei få vinna sigerskransen god! I: Halleluja! :/:

Vers 4

4. Og når vår strid er hard og vegen trong, Me i det fjerne høyrer siger-song, Då får me mod og styrke enn ein gong. :/: Halleluja! I:

Vers 5

5. I vest alt lyser kvelden, ven og klår, Og snart den trøytte stridsmann kvila får, Sæl er Guds fred i Edens lyse vår.:/: Halleluja! :/:

Vers 6

6. Men sjå! Det gryr ein dag meir klår or hav, Ein lys- kledd helgenskare stig or grav, Og fylkar seg kring Herrens kongestav. :/: Halleluja! :/:

Vers 7

7. Frå ytste strand og alle land på jord Ein tallaus hær stig inn i himmelkor, Syng Fader, Son og Ånd ein lovsong stor, :/: Halleluja! :/:

Vers 8

WilIiam Walsham How 1864. Trygve Bjerkrheim 1939

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken