Fram mot himlen går eit tog, Veksande som havsens våg
Vers 1
1. Fram mot himlen går eit tog, Veksande som havsens våg: Frå dei brende øydemarker Afrika ber søner fram, Jesu kjærleik del har vunne. Berga dei frå synd og skam.
Vers 2
2. Fram mot himlen går elt tog, Veksande som havsens våg: Frå dei vide strok og stader Kina no til korset når, Israel i Kristi kjærleik Fulltrygt vern og kvile får.
Vers 3
3. Fram mot himlen går eit tog, Veksande som havsens våg. Frå dei fjerne Austerlanda Folkeskarar som ei flod Til Guds kjærleikshav. det djupe. Dei vart frelst i Jesu blod.
Vers 4
4. Fram mot himlen går eit tog, Veksande som havsens våg: Langt frå Russlands øyde stepper, Frå Sibir, det vide land, Trøytte sjeler no seg kviler Trygt i Jesu kjærleiks hand.
Vers 5
5. Fram mot himlen går eit tog, Veksande som havsens våg: Folk frå midnattsmørkets vidder Og frå fjerne, islagd pol Byter hjartans lange netter Med hans kjærleiks varme sol.
Vers 6
6. Fram mot himlen går eit tog, Veksande som havsens våg: Alle. alle skal dei møtast Og framfor Guds trona stå. For eit møte! For ein jubel! For ein salig lovsong då!
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken