Gå til Jesus, kvar og ein, Ved hans kors er rom.
Vers 1
Gå til Jesus, kvar og ein, Ved hans kors er rom. Sei han synd og sorg og mein, Ved hans kors er rom! Redde sjel, jag bort din tvil, Or di naud han hjelpa vil. Når du han vil høyra til, Ved hans kors er rom.
Vers 2
Trøytte vandrar, skunda deg, Ved hans kors er rom. Der er farar på din veg, Ved hans kors er rom! Du er sår av sorg og strid, Jesus lettar børa di, Jesus gjer deg frelst og fri, Ved hans kors er rom.
Vers 3
Syndarvenen mildt deg bed, Ved hans kors er rom, Kom, og deg i nåden gled! Ved hans kors er rom. Drikk av livsens kjeldevell, Rik og fattig, fri og træl, Der er frelse for di sjel! Ved hans kors er rom.
Vers 4
Sæle bod for ein og kvar: Ved hans kors er rom! Kom frå by, frå grend og gard, Ved hans kors er rom! Jesu frelseverk er gjort, Han har opna himlens port. Å, kor det er sælt og stort: Ved hans kors er rom.
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken