Gjer døri høg, gjer porten vid
av Ludwig Andreas Gotter, Bernhard Holm, Lars nderot, Tor Ullsvik
Vers 1
1. Gjer døri høg, gjer porten vid! Sjå Kristus, kongen til deg rid! Han råder over alle land, Og er all heimsens Frelsarmann.
Vers 2
2. Rettferdig kjem han til deg ned Og byd deg sæle, liv og fred. Stillferdig kjem han, utan krav, Og miskunn er hans kongestav.
Vers 3
3. Han ropar ut eit nådens år. Vår naud ved han ein ende får. Og difor røyster utan tal Med lovsong honom møta skal.
Vers 4
4. Å, sælt det land, det hus, den gard Som denne drott til herre har! Ja, sælt det hjarta og det sinn Der denne kongen no dreg inn! 5. Han er den sanne gledesol Som lyser frå Guds nåde- stol. Ved dette Ijoset bjart og klårt Det dagast må i hjarta vårt.
Vers 5
6. Gjer døri høg, riv stengsla ned Og inn til deg din konge bed! Då kjem han til deg mild og sterk Og fremjar i deg alt Guds verk.
Vers 6
7. Mi hjartedør eg opnar deg! Å Jesus, stig du inn til meg! Og lat meg her den nåde få At eg din milde hug kan sjå.
Vers 7
8. Ja, ved din Ande slik meg før, Eg dagleg opnar deg mi dør, Så du kan alltid bu i meg, Og eg kan evig lova deg!
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken