Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 745

Me samlast under Blåe kross, Det er eit fagert merke. Det kveikjer og det minner oss Om Han som er den sterke. Når

av Theodor Høvda

Vers 1

1. Me samlast under Blåe kross, Det er eit fagert merke. Det kveikjer og det minner oss Om Han som er den sterke. Når vondskaps hærar mot oss går Og livet blør frå mange sår, Det skin av von kring Blåe kross, Det er eit fagert merke!

Vers 2

2. Og alle menneske på jord Me ville gjerne verja Mot det som valdar sjelemord Og land og heim vil herja. Til sæla kvar og ein e r skapt Og tapest den, er allting tapt. Me difor menneska på jord Med all vår makt vil verja!

Vers 3

3. Og her me alle heimen har Tnnunder Blåe krossen. Åleine me så veike var, Men sterke liksom fossen Når me i Herrens namn kan stå Slik hand i hand og styrke få Frå Han som tyngste børa bar Og siger vann på krossen.

Vers 4

Theodor Høvda

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken