Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 75

Gud, einast Gud i himmelhøgd, Han vere lov og ære!

av Niels Brorson, Edmond Louis Budry, William Paton Mackay, Jerome Rajoelina

Vers 1

Gud, einast Gud i himmelhøgd, Han vere lov og ære! For freden han har send til jord, Skal han velsigna vere! Til menneske er nåden send, Mot dei er Herrens hugnad vend, All strid har no ein ende.

Vers 2

Vi lovar, prisar, tilbed deg, Vi gjev deg takk og ære. Med evig truskap herskar du, Ditt namn velsigna vere! Ja, utan grenser er di makt, Og alt må skje som du har sagt, Du allmakts Gud og Fader.

Vers 3

Å Jesus Krist, Guds eigen Son Som herskar med din Fader, Forsonar, ver vår hjelp og von Og trøyst mot alt som skader. Gjev oss din nåde, du Guds Lam, Som bar all verdsens synd og skam, Du Herre, høg og heilag.

Vers 4

Du Heilag Ande, største skatt, Du kan oss evig trøyste Og verne dei mot Satans vald, Som Jesus Krist forløyste. I naud og fare styrk vår von Ved trua på Guds eigen Son, Og gjer oss sæle! Amen.

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken