Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 776

Gud, lys om heimen vår din fred, Og send frå høgdi signing ned Som sol og regn til

av Bernt Støylen

Vers 1

1. Gud, lys om heimen vår din fred, Og send frå høgdi signing ned Som sol og regn til låge jord, Så gras og blomar fagert gror Og opnar kvar ein liten knopp Og lyfter han mot himlen opp!

Vers 2

2. Gud signe kvart eit lite rom Der du har reidd ein heilagdom, Der offereld av deg er tend Så kjærleiks loge fagert brenn Og varmar hug og hjartelag Og lyser som ein sumardag!

Vers 3

3. Gud signe far, Gud signe mor, Gud signe kvar ein heim på jord! Der heilag arv frå ætt til ætt Er høgt i akt og ære sett, Der kjærleik rår i gjerd og ord: Det er eit himmerik på jord!

Vers 4

A Berot Støylen 1922

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken