Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 813

Gud signe Noregs land, Kvar heim, kvar dal og strand :/: Kvar lund og li

Vers 1

1. Gud signe Noregs land, Kvar heim, kvar dal og strand :/: Kvar lund og li! :/: Han lat det aldri døy, Han verje bygd og øy, Han verje mann og møy :/: Til ævleg tid! :/:

Vers 2

2. Me fekk det høgt og fritt, Me fekk det vent og vidt :/: Med hav og fjell.:/: Det står så trygt og godt, Det står så reint og blått, Rett som eit gudeslott :/: Med solskinstjeld,* :/:

Vers 3

3. Det er vår elsk på jord, Det er vårt beste ord, :/: Vår trivd og trygd. :/: Storfrægdarmenn dei var Som fram til oss det bar, Det er vår ættargard :/: Til fridom bygd.:/:

Vers 4

4. Stort arbeid ned er lagt Til landsens fred og makt :/: Frå tid til tid.:/: Det kosta tusen år I kav frå vår til vår, I strid så tung og sår :/: Før me vart fri.:/:

Vers 5

5. Men landet dei har rudt, Det vil me verja trutt :/: Til siste stund. :/: Vår elsk og beste akt, Vårt liv og all vår makt Skal vera Noregs vakt :/: Til siste stund. :/:

Vers 6

6. I kjærleik varm og mild Me legg vår vilje til, :/: Då veks det fram.:/: Då får det bløma blidt, Då får det spørjast vidt, Og alltid standa fritt :/: For naud og skam.:/:

Vers 7

7. Her stig det stort og blått Vårt fagre heimlands slott :/: Med tind og tårn. :/: Og som det ervdest ned Alt fagrar' led for led Det byggjast skal i fred :/: Åt våre born. :/:

Vers 8

tjeid = telt 1878

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken